Dale vidaregåande skule
Elevar som skriv kontrakt

Foto: Iren Løseth

Kontraktskriving – «SLUTTE ELLER IKKJE BEGYNNE MED TOBAKK»

På VERDAS TOBAKKSFRIE DAG hadde vi stand i kantina med kontraktskriving, gratis frukt og kviss.

Elevane kunne signere kontrakt om å «Ikkje byrje med tobakk» eller «Slutte med tobakk» gjennom skuleåret. Dei som greier å halde avtalen er med i trekning til våren og kan vinne ein flott premie. Tannpleiar May-Jorunn Lykkebø Samuelsen, elevrådsleiar Mari Dale Salbu og miljøkoordinator Iren var fornøgd med deltakinga. Det er fortsatt mogleg å skrive kontrakt ved å kontakte miljøkoordinator.