
Foto: Dale vgs
Bygg- og anleggsteknikk
Frå neste skuleår tilbyr Dale vidaregåande skule utdanningsprogrammet bygg- og anleggsteknikk.
Bygg- og anleggsteknikk er eit yrkesfagleg programområde som næringsliv i HAFS og Sunnfjord har etterspurt. Byggebransjen har signalisert eit stort for behov for å rekruttere nye lærlingar i regionen, og mange bedrifter har allereie stadfesta at dei ynskjer å ta imot lærlingar. Det å søkje seg til bygg- og anleggsteknikk ved Dale vidaregåande skule, er difor eit trygt val.
I tillegg opnar Vg1 bygg- og anleggsteknikk for ei rekkje spennande utdanningsprogram på Vg2-nivå.