Dale vidaregåande skule
Elevar samla i badevika i Dale

Foto: Iren Løseth

Bli kjent i Fjaler – Velkomstdag

Fjaler kommune i samarbeid med Dale vgs arrangerte Bli kjent i Fjaler for alle nye elevar ved skulen. Elevane vart delte opp i små grupper, der ein av dei kjende elevane var guide. Dei gjekk innom ulike institusjonar som t.d idrettshallen, ungdomshuset,tusenårsstaden, biblioteket og såg seg rundt i bygda.

Alle elevane enda til slutt opp i Badevika. Volontørane var klare med store grillar, der alle elevane fekk servert pølse med brød.

Folkehelsekoordinator Inga Håland, kulturleiar Ingeborg Tysnes, Frivilligsentralen v/ Margrethe Reisæter og ordførar Gunnhild Berge Stang ønskte elevane velkomne til Dale som skulestad.

Dei informerte om dei ulike tilboda elevane kan nytte på fritida si.