Dale vidaregåande skule
Dale sentrum sett frå fylkesvegen ved sjukeheimen. (Illustrasjonsfoto)

Dale sentrum sett frå fylkesvegen ved sjukeheimen. (Illustrasjonsfoto)

Bli kjend i Dale

Er du ny elev ved Dale vgs eller ny som hybelbuar i Dale? Då har du sjansen til å bli betre kjend tysdag 6. september. Gratis mat og drikke er ein ekstra bonus.

Til nye hybelbuarar og elevar ved Dale vgs 2016:

Velkomen til Fjaler og Dale som elev og hybelbuar!

Fjaler kommune har gleda av å invitere deg til velkomst-treff tysdag 6. september 2016

-Kl 11.45 Oppmøte i kantina på skulen

-Kl 12.00 – ca 12.20 Start vandring i små grupper til Dale.

Ved hjelp av lokale medelevar, får du innblikk i ulike møtestader, aktivitetar og kommunehuset i Dale. Vi endar til sist opp i kommunestyresalen i Fjalerhuset.

Vel framme er det quiz, utdeling av flotte premiar, informasjon og pizza & drikke. Alt er gratis for deg! Ordføraren i Fjaler kommune vil ønskje deg velkomen til kommunen og tilstades er representantar frå kulturkontoret, politiet, frivillige aktivitetar og andre.

Kva finst i Dale, kor ligg det og kva kan eg vere med på?

Du kan gjerne stille spørsmål. Her vert også nyttig informasjon å ta med seg på hybelen og heim. Velkomstmøtet er slutt kl 14.30.

Helsing frå Ordføraren i Fjaler

Folkehelsekoordinatoren/ kulturkontoret/ Frivilligsentralen i Fjaler