Dale vidaregåande skule
Elevar får informasjon om Statoil

Foto: Gro Fivelsdal

Besøk av Statoil

Elevane ved 1TIP og 2ITA fekk fredag 15. desember informasjon om lærlingeprogrammet til Statoil.  

Elevane fekk veldig god informasjon. Dei fekk høyre om gode jobbutsikter, og det vart fortalt at Statoil skal auke inntaket av lærlingar til hausten. Det er også mogleg å hospitere på Mongstad for 2ITA

Viss ein ynskjer å verte lærling i Statoil, gjer ein lurt i å følgje med på heimesidene deira. Her vert stillingane utlyste i midten av januar og søknadsfristen er i starten av februar.