Dale vidaregåande skule
Glade elevar kosar seg ved bålet.

Foto: Tor Egil Furevikstrand

Bålkos ved Igeltjørna

Kulden frå Sibir har gjort isen trygg mange stadar, og elevar frå 3STA og 3PÅA nytta difor høvet til stå på skøyter og spele ishockey på Igeltjørna.

Lett snødrev hindra ikkje motiverte elevar frå å kose seg på Igeltjørna i Flekke førre onsdag. Elevane hadde med seg bandy-køller, ein improvisert puck (ei øskje med vaselin) og to bandymål. Dermed var det klar for hockey i fleire omgangar. Dei elevane som ikkje spela ishockey, gjekk runde etter runde på skøyter. Mellom øktene var det hyggeleg samvære ved bålet. Her kunne ein grille pølser, ete sjokolade og late drøset gå. 

Takk til vertskapet i Flekke for bålved, måking av skøytebane og høve til parkering. Det var framifrå service.