Dale vidaregåande skule
Elevar i kano.

Foto: Rune Dale

Aktivitetsdag i Badevika

Kanopadling, volleyball -og for somme årets første sjøbad. Aktiviteten var upåklageleg i Badevika onsdag før skuleslutt. Dette var ein fin dag.

Galleri

Kanopadling
Kjekk gjeng i sola
Elevar spelar volleyball
Grilling

Veret og Dalsfjorden viste seg frå si beste side, så det var kjekt både for elevar og tilsette å vere i Badevika denne dagen. Enkel grillmat høyrde sjølvsagt til i finveret, og den var klar då elevane var ferdige med første del av dagen -turen "Østenstad rundt".  Kanopadlinga var populær og vellukka. Dale vgs takkar Ivar på Fjaler fysioterapi for lånet av kanoar, padleårer og vestar.