Dale vidaregåande skule
Foto: Iren Løseth

Foto: Iren Løseth

Årleg tradisjon med gratis kveldsmat på Open skule. Sjå bilete her.

Gratis kveldsmat, leik og moro!

Open skule – Gratis kvelds for elevane – torsdag 28.november

Det var ca. 60 elevar som meldte seg på gratis kvelds. Mange elevar var att på skulen for å hjelpe og lage alt klart.

Det vart eit vellykka arrangement, der vi hadde mange flinke elevar som styrte kvelden.

Vi diska opp med god gammaldags kvelds; med brødmat, godt pålegg og kakao.

I tillegg var det ein av elevane som laga eritreisk mat frå heimlandet sitt, ei nydelig lammegryte med godt tilbehør.

Etter maten vart det tid til både kahoot, popquiz og «mørkegjømsel».

 

Det er 3.året vi har arrangert gratis kvelds for elevane, så no er det ein tradisjon.

Tidlegare på dagen laga volontør Franziska klart eit langbord i kantina, der elevane kunne vere med ho å lage peparkaker som vart servert på kvelden.

 

Miljøkoordinator Iren, Trude og volontør Franziska.

 

Fem på topp

Fotballspel

Kakebaking

Mat1

Mat2

Bordsete1

Bordsete2

Bordsete3

Tips ein ven Skriv ut