Elevane fekk kjenne på ekte steinar frå verdsrommet!

Foto: Iren Løseth

Astroshow med Sannes og Ødegaard

2.oktober fekk vi besøk av Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard med astroshowet «Out of space». Dei gav oss eit innblikk i kva ein veit (og ikkje minst, kva ein ikkje veit) om vårt eige og andre solsystem i dag. Finst det liv andre stader enn på Jorda? Kan vi i framtida busette oss på Mars, eller reise til andre solsystem? Kan vi ta romheisen om 20 år? Kan vi bli trefte av steinar frå verdsrommet? Dei hadde med seg meteorittar som elevane fekk kjenne på. Spennande!

Tips ein ven Skriv ut