Dale vidaregåande skule
Elevar som har vore på Teknologidagane i Trondheim

Foto: Iren Løseth

Til Trondheim for teknologi

Jørgen, Pål, Malin og Nina frå 2STA var i Trondheim og deltok på Teknologidagane 2019.

Teknologidagane i Trondheim er eit seminar for elevar på Vg2 og Vg3 som studerer realfag. Det er NTNU som står bak arrangmentet, og elevane får høve til å høyre spanande foredrag,  snakke med studentar og stille spørsmål om studieprogram, studieliv og andre ting ein måtte lure på om livet som student i Trondheim

Her kan du sjå bilete frå arrangementet.

Tips ein ven Skriv ut