Dale vidaregåande skule
Vinnarar av volleyballturneringa 2017

Foto: Tor Egil Furevikstrand

3STA skreiv skulehistorie

3STA vart fyrste lag som vann volleyballturneringa tre år på rad.

Før jul vann 3STA volleyballturneringa for 3. året på rad. Dei slo til slutt lærarane i finalen og skreiv slik skulehistorie i volleyball. Ingen andre elevlag har vunne turneringa både på VG1, Vg2 og Vg3.

I jenteklassen vann lærarane finalen. Dei slo eitt av jentelaga til 3STA.

Når det kom til utkledning, gjorde derimot 2STA reint bort.  

Dale.vgs. no gratulerer så mykje.