Dale vidaregåande skule
Elevar frå 2HAA prøver hjelpemiddel på Haugland

Leikny Dale

2HAA prøver ut hjelpemiddel

Vg2 HAA var onsdag på aktivitetshjelpemiddelsamling på Hauglandsentert. 

Elevane starta med ei økt i auditoriet på UWC der Viljar Aasen frå Beitostølen orienterte om DELTA 2022-prosjektet. Dette prosjektet omhandla i hovudsak eit samarbeid Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har med Beitostølen Helsesportsenter, Valnesfjord Helsesportsenter og Aktiv Ung, Nasjonal kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsetjingar.

Prosjektet ynskjer å finne ut meir om det potensialet som helsesportsentera har for å fremje aktivitet og deltaking for born, ungdom og unge vaksne med funksjonsnedsetjingar. Utvikling av evalueringsinstrument som kan måle effekten av deltaking i fysisk aktivitet i eit lenger perspektiv – eit post doc prosjekt, eit PhD prosjekt og eit mastergradsprosjekt.

Sveinung Hjertnes m.fl. fortalte om pionerarbeid i samband med funksjonshemma menneske sine moglegheiter til eventyrreise til Amazonas i november.  

Elevane syntest det var både interessant og morosamt å prøve aktivitetshjelpemiddel til bruk på bar mark.