Klimakonferanse

1 STA på klimakonferanse på UWC

Måndag 2. mai vart det arrangert klimakonferanse for ungdom på UWC i Flekke. Sigbjørn tok med seg elevane våre i 1 STA på konferansen, og tilbakemeldingane tyder på at dagen var lærerik og tankevekkjande.

Bodskapen til Karen O'Brien frå FN sitt klimapanel var at klimautfordringane er så store at det trengst endringar på det personlege planet, og i tillegg politisk systemskifte for at det skal monne.

I forkant av den nasjonale klimatilpassingskonferansen som vert arrangert i Sogndal 3.-4. mai, vart det arrangert ein klimakonferanse for ungdom på UWC i Fjaler. Elevar frå fleire vidaregåande skular i fylket deltok, mellom anna frå Dale vgs, og sjølvsagt  UWC sine eigne elevar. På programmet stod mellom anna førelesing av Karen O'Brien frå FN sitt klimapanel og arbeidsverkstad om klimatilpassing.