Sluttar: Norman, Leiv og Rune.

Sluttar: Norman, Leiv og Rune.

Veteranar gir seg

To superveteranar og ein veteran vart takka av på avslutninga for tilsette ved Dale vgs 16. juni. : Norman Vik, Leiv Arne Nistad og Rune Dale.

Norman og Leiv har til saman 69 år i fylkeskommunen, og då må det vere greitt å gje seg!

Leiv vart tilsett som yrkesfaglærar ved Dale vgs i 1984 og har vore i fylkeskommunal teneste i 33 år. Han har vore vaktmeister i ein del av stillinga mesteparten av tida, og har hatt vaktmeisteransvaret heilt frå nybygget i Trolleskaret stod ferdig i 1990. Stillinga heiter no driftsteknikar og ligg under bygge- og eigedomstenesta.

Norman har vore tilsett heile 36 år i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Han jobba først ni år ved Høyanger vgs frå 1981, før han begynte i Dale då nybygget stod ferdig i 1990. Norman har undervist i engelsk og tysk i alle år, og vore tillitsvald på ulike nivå. Han var studieinspektør og seinare avdelingsleiar i sju år frå midten av 90-talet og til 2002.

Rune sluttar som mellomleiar ved Dale vgs etter 15 år. Han overtok som avdelingsleiar etter Norman i 2002 og har vore pedagogisk leiar dei siste seks åra. Rune har arbeidd ved Dale vgs i 18 år, og har etter eige ønskje fått permisjon frå undervisningsstilling skuleåret 2017-18. Det er altså fullt mogeleg å begynne att i ei delstilling som norsk- og engelsklærar.

På avslutninga takka rektor også av Ingvild Kjøsnes som har vore kantinestyrar dei siste åra, og Klara Hirseland som har vore volontør dette skuleåret. Det vanka sjølvsagt blomar og godord til alle. På ei enkel avslutning med kaker og kaffi vart det tid til å seie nokre ord og mimre litt om åra som har gått på ein god arbeidsplass.

 (Foto: Iren Løseth).

Tips ein ven Skriv ut