Elevar spelar volleyball

Foto: Iren Løseth

Verdas aktivitetsdag

Dale vidaregåande skule markerte Verdas aktivitetsdag som var 10.mai. 

Dette var ein elevfri dag, så vi markerte den i dagane 14.-16.mai i matfriminutta.
Elevrådet, i samarbeid med miljøkoordinator, organiserte markeringa. Vi hadde framme ulikt aktivitetsutstyr som badminton, volleyball, rugbyball, dartspel, freesbee, gatekritt til å lage paradis, hoppestrikk og kubbespel. Mange av elevane engasjerte seg, så det vart eit yrande liv på uteområdet til skulen.
Steikte lappar ute vart tatt godt i mot.

Tips ein ven Skriv ut