Thea Hjelmeland på scena i Fjalerhallen. (Foto: Rune Dale)

Thea Hjelmeland på scena i Fjalerhallen.(Foto: Rune Dale)

Variert og spennande

Thea Hjelmeland med band imponerte på scena i Fjalerhallen onsdag. Elevar frå Dale vidaregåande og United World College fekk servert ein variert og spennande musikalsk meny frå ein nyskapande artist, og det fall tydeleg fall i smak hos mange.


  1 / 5 
 
Thea Hjelmeland i Fjalerhallen. (Foto: Rune Dale) 
Thea Hjelmeland i Fjalerhallen. (Foto: Rune Dale)
Thea Hjelmeland i Fjalerhallen. (Foto: Rune Dale)
 


Thea Hjelmeland med band spelte i regi av Den Kulturelle Skulesekken. Det må seiast å vere eit musikalsk kupp å få denne gjengen på turne rundt i Sogn og Fjordane, til alle elevar på vidaregåande i fylket. Thea Hjelmeland handterer leikande lett ulike strengeinstrument, og demonstrerer ein variasjon i stemmebruken som er beint fram imponerande. Det er ikkje tilfeldig at den unge artisten frå Førde alt har fått ei rekkje musikalske utmerkingar. For den førebels siste plata si,  "Solar Plexus", fekk ho spelemannspris i kategorien "indie"  i 2015. 

På slutten av konserten i Dale brukte ho det entusiastiske publikummet til å teste ut blodferskt låtmateriale som kjem på den nye plata ho jobbar med. Thea fekk tydelege tilbakemeldingar og var svært fornøgd med dei unge tilhøyrarande. For eigen del legg vi til at dette var ein ein flott konsert for ungdom i alle aldrar. Med seg på denne turneen i Sogn og Fjordane har ho eit knippe dyktige musikarar: Jo Berger Myhre/ Morten Skage (bass), Matias Tellez (gitar) og Ivar Thormodsæter (trommer). 

Thea Hjelmeland komponerar all musikken, skriv tekstane og arrangerer musikken sin sjølv i tillegg til å produsere. 

Du kan sjå opptak frå konserten via denne lenkja: https://www.nrk.no/sognogfjordane/thea-hjelmeland-far-elevane-pa-vidaregaande-til-a-danse-1.13367905

Tips ein ven Skriv ut