Dale vidaregåande skule
Elevar frå Dalsfjorden Helse UB på tur med bebuarar.

Elevar frå Dalsfjorden Helse UB på tur med bebuarar.

Ungdomsbedrift til glede og nytte

Ein gong i veka får dei som bur i Øyra bufellesskap i Dale besøk av elevar frå Vg1 Helse- og oppvekstfag på Dale vgs.

-Dette er veldig kjekt og nyttig. Det seier både elevar, lærarar, bebuarar og tilsette på Øyra.


  1 / 4 
 
Elevar på handletur: Andrea, Mari, Oddlaug og Malin. 
Elevar på handletur: Andrea, Mari, Oddlaug og Malin.
Elevar på handletur: Andrea, Mari, Oddlaug og Malin.
 


Dalsfjorden Helse UB er namnet på elevbedrifta som klassen har drive - vanlegvis ein dag i veka- det meste av skuleåret. Det er eit døme på sosialt entreprenørskap, der hovudfokuset ikkje er å tene mest mogeleg pengar, men å gjere ein innsats for andre som treng det. Kontaktlærar Leikny har teke nokre bilete, og elevane deler her nokre av erfaringane sine no når det går mot slutten av skuleåret:

- Me har fått inntrykk av at bebuarane gler seg til me kjem. Ei av brukarane plar sitte i vindauget og sjå etter oss, medan ho ventar på at me kjem.

- No kjem dei! No kjem dei!, seier ho begeistra.

Etter nyttår starta me samarbeidet med Øyra bufellesskap. Bedrifta er driven av Mari Dale Salbu, Andrea Yndesdal, Oddlaug Ellingsen Årskaug, Malin Ek Horsevik og Iselin Olset.

- Elevbedrifta er ei fin arena til å verte kjend med ulike arbeidsplassar i kommunen innan faget, og vi får høve til å vise oss fram. Vi har vorte oppmoda til å søkje sommarjobb både i Fjaler og andre HAFS-kommunar, og fleire av oss har nytta denne sjansen.

- Sjølv har vi inntrykk av at vi er ynskte på Øyra, og at vi kan gjere ein skilnad for andre som ikkje har så mange tilbod elles. Vi sit att med arbeidserfaring, positive tilbakemeldingar frå arbeidsplass, og ein god følelse av at vi har gjort nokon andre glade.

Bedrifta fører rekneskap, og vi tenar pengar gjennom kakesal på skulen. Dette verkar det som fleire er glade for- vi plar selje ut mykje kake til elevane.

Pengane vert nytta til sosiale aktivitetar saman med brukarane, som t.d. å lage vaflar saman. Overskotet vert donert til veldedige formål i lokalmiljøet.

 

Tips ein ven Skriv ut