Vilje til visdom og vennskap

Foto: Rune Dale

Undervisningsstilling innan helse- og oppvekstfag

Frå 01.08.2018 har vi ledig 100% undervisningsstilling innan helse- og oppvekstfag. 

Oppgåver og ansvar
Undervisning i programfaga på Vg1 helse- og oppvekstfag og på Vg2 helsearbeidarfag. Programfaga er yrkesutøving, kommunikasjon og samhandling, helsefremjande arbeid og yrkesfagleg fordjuping. 

Kontaktlæraroppgåver kan bli lagt til stillinga. 

Kvalifikasjonar 
Krav til kompetanse:

  • praktisk pedagogisk utdanning/yrkespedagogikk for fast tilsetjing. Relevant arbeidserfaring er ein fordel. 
  • godkjent helsefagleg utdanning på høgskulenivå. 
  • høg realkompetanse innan det helsefaglege området, kunne undervise både i teori og praksis, og følgje opp elevane når dei er utplasserte i arbeidslivet. 
  • kompetanse innan tilrettelagt opplæring 
  • gode datakunnskapar. 
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne 

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeidsevner 
  • god relasjonsbyggjar og evne til å sjå enkelteleven i arbeidet. 

For stillinga gjeld:

  • Løn etter gjeldande regulativ 
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår 
  • Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar 
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår 
  • 6 månaders prøvetid 

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslova §10-9. 

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte rektor Gro Fivelsdal, tlf. 57 63 70 00 / 901 49 611 

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk. Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju. 

Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling 

Søknadsfrist: 16. mai 2018

Søk på stillinga her.

Tips ein ven Skriv ut