Utsida av Dale vgs.

Undervisningsstilling i engelsk og økonomi

Frå 01.08.2018 har skulen ledig undervisningsstilling i engelsk og økonomi. 

Oppgåver og ansvar
I kombinasjon med andre aktuelle undervisningsfag kan vi tilby inntil 100% fast stilling. Undervisning i engelsk på alle nivå innan studiespesialiserande fag og yrkesfag. Innan økonomifaget undervisning i programfaga på Vg2 og Vg3 studiespesialiserande. Kontaktlæraroppgåver kan bli lagt til stillinga. 

Kvalifikasjonar
Krav til kompetanse

  • Undervisningskompetanse i engelsk og økonomi. Ønskjeleg med mastergrad i engelsk og bachelorgrad i økonomi. Mogleg å kombinere med andre fag, dersom ein har nødvendig undervisningskompetanse. 
  • Praktisk pedagogisk utdanning er eit krav for fast tilsetjing.
  • Relevant arbeidserfaring er ein fordel. 
  • Gode datakunnskapar. 

Personlege eigenskapar

  • Fagleg og pedagogisk oppdatert og utviklingsorientert 
  • Gode samarbeidsevner 
  • Strukturert med klare mål for undervisninga 
  • Evne til å sjå enkelteleven og byggje relasjonar 

For stillinga gjeld:

  • Løn etter gjeldande regulativ 
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår 
  • Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar 
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår 
  • 6 månaders prøvetid 

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslova §10-9. 

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte rektor Gro Fivelsdal, tlf. 57 63 70 00 / 901 49 611 

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk. 

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.

Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling. 

Søknadsfrist: 16. mai 2018

Søk på stillinga her.

Tips ein ven Skriv ut