Båt til kai på Herland

Foto: Dale vgs

Tur til Herland på Atløy

Elevar og lærarar i 1TPA hadde ein minnerik overnattingstur til Herland. 

Det var 16 elevar og 3 lærarar som koste seg på Herland frå torsdag til fredag. Som ein av aktivitetane fekk dei vere med å dra krabbe- og krepseteiner. Om kvelden samla alle seg til eit nydeleg måltid på kaia, med grilling, nykokt krabbe og kreps. Det smakte heilt fantastisk i det fine vêret. Tubekøyring og bading blei det også. Ei flott avslutning på eit kjekt skuleår!

Tips ein ven Skriv ut