Trygg russetid. Informasjon. Auditoriet. Dale vgs.

Trygg russetid. Informasjon. Auditoriet. Dale vgs.

Trygg russetid

-Det forpliktar å vere russ på denne skulen. Dale vgs har ein god statistikk utan alvorlege negative hendingar i russetida. La det halde fram slik, sa lensmann Åge Løseth til årets russekull som var samla på auditoriet onsdag ettermiddag.

Det var fleire enn politiet som hadde gode råd til russen. Også Statens vegvesen, SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep i Sogn og Fjordane) og helsesøster ved Dale vgs var med på den halve temadagen for russekullet anno 2017. Felles for alle instansar -og for skulen- er eit sterkt ønskje om å medverke til at russefeiringa skal føregå i trygge former. Det bør vere ein periode som alle russ skal kunne sjå tilbake på med glede seinare i livet.

Då må ein minimere risikoen for negative hendingar som ungdom i tankeløyse - og ofte under alkoholpåverknad- kan hamne opp i.  Lensmann Åge Løseth nemnde m.a. "klassikarar" som drikking og urinering på offentleg plass. Det siste er uansett eit problem fordi det er mangel på offentlege toalett mange plassar. Det gamle rådet om å gøyme seg vekk bak eit tre eller ein busk, er framleis nyttig for å unngå å bli teken og måtte betale dyrt for det. Men det er ikkje smart å gå for nær ei kald elv når ein skal late vatnet, eller for den del for langt utpå ein kaikant. Faren for å hamne uti er høgst reell, spesielt for gutane.

Statens vegvesen oppmoda russen om å bestille time for å få kontrollert russebilane. Bilkøyring er ingen leik, heller ikkje i russetida, og tryggleiken skal og må prioriterast. Krava er strenge både til åtferd i trafikken og til teknisk stand på køyretøya.

Vegvesenet har sett av 19. og 20. april til kontroll av russebilar, og kåringa av den mest trafikksikre russebilen skjer i Førde 26. april i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei som har vinnarbilen får 3000 kroner. Det er også premiar til nummer to og tre.

Tips ein ven Skriv ut