Dale vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Teknikk og industriell produksjon
Elevar som sveisar.

Foto: Dale vgs

Teknikk og industriell produksjon

Skipsbygging og skipsreparasjonar er viktige arbeidsplassar i HAFS-området. Går du Vg1 TIP og Vg2 Industriteknologi kan du skaffe deg jobb i skipsindustrien. Men det er mykje å velje mellom med TIP som utgangspunkt: Nær 60 ulike fagbrev.  

Teknikk og industriell produksjon (TIP) er eit yrkesfag, og Dale vidaregåande skule tilbyr slike kurs:

Yrkesfagleg opplæring gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan og ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om TIP og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på
vilbli.no: Teknikk og industriell produksjon

TIP ved Dale vidaregåande skule

Dale vgs har ei klasse på Vg1 med 15 plassar. På Vg2 har vi ein klasse innan industritekonologi med 12 plassar.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Linda Størseth Hvidsten
Rådgjevar
linda.storseth.hvidsten@sfj.no
57 63 70 42