Dale vidaregåande skule
Elevar ved eit bord

Foto: Iren Løseth

Sosial ettermiddag

Elevane i 1STA, kontaktlærarane og miljøkoordinator hadde ein triveleg ettermiddag på skulen for å byggje / vidareføre det gode miljøet i klassen.

Det å lage mat i lag er kanskje den beste måten å skape godt fellesskap, så vi starta med å lage taco. Vêret var strålande denne dagen, så vi laga langbord ute i sola og åt der.

Etter maten gjekk alle på nabobutikken og kjøpte seg is.

Neste aktivitet var i Fjalerhallen, der dei spelte volleyball, basketball og innebandy. Her var det stort engasjement og vinnarlaget fekk heider og ære.

Tilbake på skulen hadde ei gruppe elevar ein quiz, med mange gode spørsmål. Etterpå vart det kahoot og brettspel.

Det vart ein kjekk ettermiddag for 1STA, der klassen hadde stått for opplegget sjølv.

 

Tips ein ven Skriv ut