flyfoto1024x768

Sommarskule på Mo

Det blir sommarskule på Mo (Førde) frå 19. til 30. juni. Tilbodet er for elevar på Vg1 yrkesfag og lærlingar som får karakteren 1 i standpunkt eller til eksamen i matematikk og naturfag.

Sommarskulen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Mo og Øyrane vgs. Skulestart er måndag 19. juni kl. 11.00 med innkvartering på internatet. Undervisninga føregår måndag til fredag, og det vert halde eksamen 30. juni.

Elevane må reise heim i helga, då internatet er stengt. Tilbodet er gratis, men eleven må dekke reisekostnadane til og frå skulen. Du kan bu på skulen og få tre måltid  pr. dag. Det vert arrangert sosiale aktivitetar. Meir informasjon finn du i påmeldingsskjemaet.

SØKNADSFRIST: Måndag 14. juni.

Meld deg på her: Påmeldingsskjema

Kontaktperson for spørsmål om søknad og anna:

Kristin Sagerøy Råsberg, tlf. 415 30 760, e-post:  kristin.sageroy.rasberg@sfj.no

 

 

Tips ein ven Skriv ut