Dale vidaregåande skule
Elevar kosar seg på "Open skule"

Foto: Iren Løseth

Rapport frå «Open skule»

Det har vore stor aktivitet på «Open skule» så langt i år.

Under finn du ei oversikt over aktivitetane så langt i år:

31.08.17 Middag på open skule. Lasagne med salat..
07.09.17 Gratis middag til hybelbuarane og for alle dei andre elevane. Meny TACO.
14.09.17 Tur til Badevika. Vi grilla karbonade (hamburger med salat). Elevane kosa seg med å spele sandvolleyball, kubbespel og padla i kano
21.09.17 Trude laga raspeballar med godt tilbehør. Nokre elevar vart igjen etter middag og spelte biljard.
28.09.17 Felles matlaging. Lukas tok ungdommen med på kjøkkenet og laga Buritos. Dei kosa seg med måltidet i lag etterpå.
05.10.17 Basketball i hallen med Lukas. Etter kampen gjekk dei tilbake til skulen der Trude hadde laga ei nydeleg Thai-gryte.
06.10.17 Iren og Lukas møtte alle elevane og sa: «God morgon – ha ein fin dag!» med ein kopp kakao. Dette vart tatt positivt i mot.


Sjølv om det jamt over har vore godt oppmøte på «Open skule», er det plass til fleire. Følg med på det som skjer, til dømes på Facebook: Open skule, Dale vgs.

 

Tips ein ven Skriv ut