Dale vidaregåande skule
Mari, Yngve og Adrian frå elevrådet møtte m.a. utvalsleiar Karianne Torvanger og assisterande fylkesdirektør Tor-Einar Skinlo.

Mari, Yngve og Adrian frå elevrådet møtte m.a. utvalsleiar Karianne Torvanger og assisterande fylkesdirektør Tor-Einar Skinlo.

Møtte fylkespolitikarane

Politikarane i hovudutvalet for opplæring besøkte Dale vgs onsdag ettermiddag. Etter møte med leiing og tillitsvald, var det tid for elevrådet. Elevane la vekt på gode resultat i elevundersøkinga og skrytte av miljøet på skulen. Dei svarte godt for seg, og fekk ros av elevombodet som også var til stades.


  1 / 5 
 
Mari, Yngve og Adrian frå elevrådet møtte m.a. utvalsleiar Karianne Torvanger og assisterande fylkesdirektør Tor-Einar Skinlo. 
Mari, Yngve og Adrian frå elevrådet møtte m.a. utvalsleiar Karianne Torvanger og assisterande fylkesdirektør Tor-Einar Skinlo.
Mari, Yngve og Adrian frå elevrådet møtte m.a. utvalsleiar Karianne Torvanger og assisterande fylkesdirektør Tor-Einar Skinlo.
 


På grunn av tentamen var det berre tre frå elevrådet som kunne vere med på møtet, men Mari, Yngve og Adrian greidde seg godt. Politikarane og administrasjonen stilte mellom anna spørsmål om miljøet på skulen, og om inkludering av minoritetsspråklege elevar, som det blir fleire av til hausten. 

-Mange kjenner kvarandre før dei begynner på vidaregåande, og andre blir kjende med etter kvart. Vi har eit lite, men godt samansveisa miljø og prøver å inkludere alle, slik at ikkje nokon t.d. blir sitjande åleine i kantina i matpausen. Vi har flinke lærarar. Mange yter litt ekstra for at vi skal trivast. Vi har nokre minoritetsspråklege elevar dette skuleåret også, og det går bra med dei. Vi skal jobbe vidare med miljøskapande tiltak.

Elevane fekk spørsmål om samarbeidet med UWC og fortalde kort om tilstellingar på open skule. Dei vart spurde om overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande, og sa m.a. at informasjonen frå vidaregåande hadde vore god heilt frå 8. klassedagen på Dale vgs.

-Hospiteringsordninga fungerer fint, og det er positivt at skulen tek med elevar som går på vidaregåande på foreldremøte i 10. klasse, slik at vi kan høyre direkte frå ungdommane kva erfaringar dei har. 

-Kva kunne ha vore betre på Dale vgs? På dette spørsmålet tok elevrådsleiaren ein kort tenkjepause.

-Jau, det er vel litt utstyr som kunne ha vore betre, t.d. lerret til prosjektøren og nokre trege datamaskiner. Og så ventar vi på ein ny sofa i 2. etasje. Det har vi planlagt å kjøpe, men kanskje ventar vi til akkurat den sofaen vi vil ha kjem på sal, avslutta Mari.

Så var det tid for ei rask omvising. Det er om lag sju år sidan sist hovudutvalet for opplæring opplæring var på besøk,og fleire av politikararane har ikkje vore på Dale vgs tidlegare. Gjestane fekk sjå både funksjonelle og moderne lokale, som vi har mest av, og rom som treng oppgradering. Det finst også, og det er kanskje ikkje så dumt å vise det til dei som i overført tyding sit på pengesekken -i alle fall ein del av han.  

Tips ein ven Skriv ut