Dale vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Maritim produksjonsteknikk
Elevar i arbeid.

Foto: Dale vgs

Vg2 Maritim produksjonsteknikk

Vg2 Maritim produksjonsteknikk vart lyst ut som forsøk med eit nytt yrkesfagtibod ved Dale vgs frå hausten 2015, men er ikkje lyst ut for skuleåret 2017-18.

Vg2 Maritim produksjonsteknikk og påfølgjande Vg3 opplæring i bedrift fører fram til det nye fagbrevet Martim innreiing. Programområdet skal legge grunnlag for arbeid i skipsbyggingsindustrien og gje elevane ei heilskapleg forståing av produksjonsprosessane ved skipsverft. Vg2 Maritim produksjonsteknikk omfattar tre programfag, produksjon, bransje- og materiallære og dokumentasjon og kvalitet. I tillegg har elevane prosjekt til fordjuping og dei vanlege fellesfaga på Vg2 yrkesfag: engelsk, kroppsøving, norsk og samfunnsfag.

Elevar som har gått Vg1 Bygg- og anleggsteknikk eller Vg1 Teknikk og industriell produksjon kan søkje Vg2 Maritim produksjonsteknikk.

Vg2 Maritim produksjonsteknikk og Vg3 opplæring i bedrift er eit samarbeid mellom Dale vidaregåande skule og lokale bedrifter. Etter avslutta opplæring med læretid kan du ta fagbrev i innreiing av skip og riggar.

I første omgang er det eit treårig forsøk som vart godkjent  av Utdanningsdirektoratet i januar 2014 etter positiv tilråding frå Kunnskapsdepartementet.

Meir informasjon får du ved å ta kontakt direkte med skulen.

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Linda Størseth Hvidsten
Rådgjevar
linda.storseth.hvidsten@sfj.no
57 63 70 42