Dale vidaregåande skule
Adel Khan Farooq og Ubaydullah Hussain

Foto: Volt Film/Curry Film

«Den norske islamisten».

Torsdag 9. november viser Den kulturelle skulesekken (DKS) dokumentaren «Den norske islamisten»,  ein film om Ubaydullah Hussain og Profetens Ummah. Filmen vert vist i Fjaler kino kl. 09:15

Hatretorikk og frustrasjon
Kvifor har Ubaydullah Hussain valt å tale IS si sak i Noreg? Korleis treffer bodskapen hans norske ungdomar? Korleis har livet i Noreg - mellom to kulturar og to religionar - påverka Hussain til å bli den han er i dag? Korleis greier han å overtale andre til å dra til Syria? Korleis påverkar den massive motstanden han?

Ubaydullah Hussain avslører korleis hatet mot vesten oppstår, han gir eit bilde av eit tankesett som lokkar mange vestlege ungdomar til IS. Filmen viser også logikken som ligg bak når frustrerte norske ungdomar let seg fascinere av Ubaydullah sin retorikk.

Samtale med regissør
Dokumentaren er regissert av Adel Khan Farooq og Ulrik Imtiaz Rolfsen. Adel og formidlar Anders Fitje følgjer filmen på turneen og har ein samtale med elevane etter visninga.

Den kulturelle skulesekken sitt mål med å vise filmen er å gi innsikt i eit ekstremt miljø, der ungdomane sine handlingar kan få store konsekvensar for dei sjølve og for familiane deira. Vidare er det eit mål å gi elevane ei meir direkte innsikt i farane som Politiets sikkerhetstjeneste (PST) definerer som den største trusselen mot Noreg. I ei tid der ekstremisme og radikalisering er mykje omtalt i nyhende og samfunnet generelt ynskjer DKS å gå meir i djupna på nokre av problemstillingane knytt til dette. Kva vil det seie å vere innafor eller utanfor? Kva er kollektiv og individuell kultur? Kva er skilnaden på islam og islamisme?

Vel  møtt til filmvising og samtale!

 

Sjå videohelsing frå Adel Khan Farooq

Tips ein ven Skriv ut