Dale vidaregåande skule
Elevar som kosar seg med pizza

Foto: Iren Løseth

Kveldskos for hospitantane

Det vart ein veldig bra onsdagskveld på «Open skule» for elevane som hospiterer denne veka.

Først fekk elevane middag i kantina, og deretter kunne elevane kose seg på skulen med bordtennis, biljard og var andre sosiale aktivitetar. Noko seinare serverte Trude pizza, og elevane tok del i artige aktivitetar som kahoot, popquiz og den legendariske stolleiken. Til slutt gjekk heile gjengen på kino i Trudvang.

Alt i alt var det ein knakkande kjekk kveld.

Tips ein ven Skriv ut