Dale vidaregåande skule»Elev og føresett»Reglar og rutinar»Klage på opplæring

Klage på opplæring

På Dale vgs prøver vi å løyse problem på lågast mogleg nivå. Vi held oss saklege, og vil ein gå vidare med ei sak, gjer det gjerne skriftleg.

Nokre viktige prinsipp:

Ver sakleg

Legg fram saka på ein sakleg og skikkeleg måte. Ta gjerne med korleis ting kan gjerast annleis.

Lågast mogleg nivå

Dersom du ikkje sjølv greier å løyse ei sak som har med opplæringa å gjere, kan du bruke enten tillitsvald i klassen eller faglærar som første instans. Viss ikkje det hjelper, ta saka opp med kontaktlærar. Gå eventuelt til rådgjevar, mellomleiar eller til slutt rektor.

Skriftleg dokumentasjon

Det kan vere lurt å dokumentere tilhøva skriftlig. Skriftleg søknad skal til rektor.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Gro Fivelsdal
Rektor
gro.fivelsdal@sfj.no
57 63 70 02
901 49 611