Dale vidaregåande skule
Kjekt på bowling: Marion, Hannah, Miriam, Anny-Terese, Klara og Madeleine.

Kjekt på bowling: Marion, Hannah, Miriam, Anny-Terese, Klara og Madeleine.

Kjekt på bowling

Bowling med påfølgjande pizza og brus er tydelegvis ein god kombinasjon. Dei 21 elevane våre som var på bowlingtur til Førde torsdag hadde ein fin kveld, melder miljøkoordinatoren. Iren har teke bilete og skrive litt om turen.

Bowling på open skule, torsdag 09.februar.

 

Deltakinga var god. Med på turen til Førde Bowlinghall var heile 21 elevar, og i tillegg volontør Klara og Iren som ansvarlege.

 

- Vi samlast først i kantina. Ingvild hadde laga ein liten «wrap» som elevane kosa seg med før avreise. Det var ein fin måte å starte turen på.

Vi hadde leigd «heim for ein femti-lapp», så det kom buss og køyrde oss til Førde. 

- Elevane delte seg raskt inn i lag då vi kom i bowlinghallen, der det vart  fem fine lag. Det var høg stemning og latter i dei neste timane. Det var tydelig at ungdommen storkosa seg. 

 

Etter dei var ferdig å «bowle» vart det servert pizza og brus i andre etasje. Der hadde dei laga til med langbord til elevane.

 

- Det var klar melding frå elevane at dette ville dei gjenta om ikkje så lenge, avsluttar Iren.

Tips ein ven Skriv ut