Dale vidaregåande skule/Opplæringstilbod/International Baccalaureate (IB)
Bilete av RCNUWC frå fjorden

Foto: Emily Clare, Wikimedia Commons.

International Baccalaureate (IB)

International Baccalaureate (IB) er eit samarbeid mellom UWC RCN og Dale vidaregåande skule. Elevar som går Vg1 studieførebuande på skular i Sogn og Fjordane kan søkje. Det er 3 elevplassar kvart år; 2 frå hausten 2017.

International Baccalaureate (IB) er eit toårig universitetsførebuande opplæringstilbod som byggjer på greidd vg1 frå studiespesialiserande utdanningsprogram. Eksamen frå IB-lina kvalifiserer for opptak ved dei fleste høgare lærestader i verda. Undervisning, skriftleg arbeid, eksamen, lærebøker og anna studiemateriell er på engelsk, fransk eller spansk. Det er eksamen i alle fag ved slutten av det toårige løpet. Denne er lik for alle elevane, og eksamenspapira må sendast med kurer (sendebod) til International Baccalaureat Organization (IBO) i Sveits for retting. IB-elevar har same rettar til gratis skulebøker, lån og stipend som andre elevar i vidaregåande skule.

Dei elevane som får plass, har ein viktig funksjon som ambassadørar for heimfylket, Sogn og Fjordane. Dei vert oppmoda om å hjelpe til med å integrere UWC-elevane i lokalt frivillig arbeid, som ein sentral dimensjon innanfor «Creative, Active, Service-programmet». Her vil samarbeidet med Dale vidaregåande skule vere svært viktig. IB er eit forsøk over tre år frå og med skuleåret 2015-16.

Tips ein ven Skriv ut