Dale vgs inngang

Informasjon om Elevundersøkinga

I veke 45 og 46 gjennomfører Dale vidaregåande skule Elevundersøkinga 2017. Her kan foreldre og føresette finne generell informasjon om undersøkinga. 

Kva er formålet?

Formålet med Elevundersøkinga er at elevar skal få seie si meining om læring og trivsel på skolen. Resultata frå undersøkinga blir ikkje sletta, men lagra forskriftsmessig, og blir nytta av skolar, skoleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til å analysere og utvikle elevane sitt læringsmiljø. Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forskingsformål av forskarar som får utlevert grunnlagsdata. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på Skoleporten.

Korleis blir undersøkinga gjennomført?
Elevundersøkinga kan gjennomførast både vår og haust. Om hausten er det obligatorisk for kommunane/fylkeskommunane/skolane å gjennomføre Elevundersøkinga. Gjennomføring av undersøkinga om våren er eit frivillig tilbod til dei skolane som ønskjer det.

Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga, og eleven kan velje å hoppe over spørsmål dersom eleven opplever nokre av dei som ubehagelege, eller det er nokre spørsmål eleven ikkje vil svare på.

Behandlingsansvar og personvern
Den behandlingsansvarlege har ansvaret for å sikre at opplysningane blir behandla i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande personvernregelverket. Utdanningsdirektoratet er aleine behandlingsansvarleg for opplysningane som blir behandla i Elevundersøkinga.

Elevane som svarer, oppgir ikkje namn, men det vil likevel i nokre få tilfelle vere ei teoretisk moglegheit for at den som behandlar grunnlagsdata, kan kjenne att enkeltpersonar som har svart (indirekte identifisering). Direktoratet har derfor utforma sikringstiltak for å ta vare på personvernet under behandlinga av grunnlagsdata frå Elevundersøkinga. Det er lagt opp til svært strenge reglar for å vise resultat frå undersøkingane – det gjeld for skolane, skoleeigarane og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Dette er gjort for å redusere faren for indirekte attkjenning av personar som har svart. Data frå undersøkinga skal aldri publiserast offentleg på ein måte som gjer det mogleg å kjenne att svara til enkeltelevar.

Ved utlevering av grunnlagsdata til forskingsformål blir forskarane pålagde å følgje direktoratets reglar for konfidensialitet, og dei må skrive under på ei teieerklæring.

Har du spørsmål?

For meir informasjon kontakt skolen. Du finn også mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser.

Tips ein ven Skriv ut