Dale vgs vinter

Helsearbeidarfagelevar får 3 veker praksis i London!

Også i år har Dale vgs fått midlar til å sende ei gruppe elevar på Vg2 helsearbeidarfag til London!

Prosjektet får støtte frå EU-programmet som heiter Erasmus +  og Sogn og Fjordane fylkeskommune og gir elevane tre veker gratis opphald i London. Det er ADC College som organiserer arbeidsutplasseringa på ulike institusjonar, til dømes sjukeheimar, aktivitetssenter etc, rundt om i London.

I år er det fem elevar som har søkt og er godkjende for deltakinga frå Dale vgs. Dei reiser av garde i 17. mars og returnerer 06. april 2019. Elevane bur privat hos vertsfamiliar og reiser på kryss og tvers, fram og tilbake i millionbyen for å komme til jobb. I tillegg kan dei farte rundt på eiga hand på fritida og møte resten av gruppa down town. Elevane våre reiser i lag med faglærarar og elevar frå tre andre vidaregåande skular. Etter tre veker er dei godt vande til å ta seg fram med Underground og buss i alle retningar. For at alle på skulen skal få eit innblikk i kva arbeidskvardagen i London går ut på, lagar elevane ein felles presentasjon som vert vist på allmøtet når dei er tilbake.

Sjå vedlagde bilete frå faglærar Leikny som viser ulike grupper som har vore i London tidlegare.

Vi ønskjer lykke til med utvekslingsopphaldet!

Sjå film frå tidlegare opphald her:

Helsing rektor

Tips ein ven Skriv ut