Dale vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse- og oppvekstfag
Lærar målar blodtrykk på ein elev.

Foto: Dale vgs

Helse- og oppvekstfag

Vil du arbeide med barn eller eldre menneske? Er du oppteken av å skaffe deg ein sikker jobb i framtida? Då kan helse- og oppvekstfag vere noko for deg. Dale vgs tilbyr Vg1 helse- og oppvekstfag og Vg2 helsearbeidarfag.

Helse- og oppvekstfag er eit yrkesfag, og Dale vidaregåande skule tilbyr:

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om helse- og oppvekstfaga og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no: Helse- og oppvekst

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Linda Størseth Hvidsten
Rådgjevar
linda.storseth.hvidsten@sfj.no
57 63 70 42