Dale vidaregåande skule
Elevar som kosar seg med gratis lunsj.

Foto: Iren Løseth

Gratis kvelds

Torsdag 8. november vart det arragnert gratis kvelds for elevane på Open skule.

Open skule hadde tilbod om gratis kvelds til alle elevane på skulen torsdag kveld. Nokre av elevane var att på skulen etter skuleslutt. Her gjorde dei lekser og slappa av. I sekstida kom resten av elevane, som hadde meldt seg på. Dei vart møtte av ei pynta kantine. Her var det laga til kaldbord med godt brød og mykje godt pålegg. Volontør Kira hadde i tillegg laga gode pannekaker, og det vart servert velkomstdrikk med eplesider, og varm kakao var òg å få.

Etter det gode måltidet og den gode praten, var det tid til kahootquiz og popquiz, leia av elev Sigrid. Vi var så heldige at rektor og alle volontørane kom og var med. Den siste timen vart bordsetet  løyst opp, og det enda med at elevane «leika» gøymespel. Det høyrtes ut som dei hadde det veldig kjekt og synest at det er fint å vere på skulen på ein anna måte ein vanleg.

Elevane hadde tilbod om «Lokal transportordning for ungdom» («heim for ein femti-lapp») – som nokre av dei nytta seg av.

Det er andre året på rad vi har tilbodet gratis kvelds, så vi satsar på å få det til neste år også!

 

Miljøkoordinatorane Iren og Trude – Volontør Kira

Tips ein ven Skriv ut