God deltaking av festpynta elevar

God deltaking på nyttårsballet

Nyttårsballet fredag 20. januar vart avvikla på UWC på Haugland, men festen tok til med pizza i kantina på vår eigen skule. Det vart ein vellukka kveld med god deltaking.

Tekst og foto: Iren Løseth:

Ballet på UWC  vart arrangert i samarbeid med elevrådet ved Dale vgs. Det vart eit bra nyttårsball, der det var stor deltaking av eigne elevar og elevar frå UWC. Det møtte opp ca. 90  elevar frå Dale vgs og minst tilsvarande tal frå UWC. Dale vgs-elevane møtte kl. 18.30 i kantina vår og koste seg med gratis pizza, salat og saft. Etter å ha vore sosiale ein times tid, reiste elevane vidare til UWC med buss, då det var ordna med «heim for ein femtilapp».

Elevane ved UWC hadde laga det veldig fint til på Høegh-huset, med diskotek og kafé til kl. 24.00. Kvar skule hadde sine innslag, med Adrian Olset (3STA) frå Dale vgs. Det var ein vellykka kveld!

Tips ein ven Skriv ut