Dale vidaregåande skule»Elev og føresett»Reglar og rutinar»Fråvær

Fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane

Eleven må melde frå til skulen om fråvær frå første fråværsdag: Fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane

Nye fråværsreglar med 10 prosent fråværsgrense for å få karakter i fag gjeld frå 1. august 2016. Hensikta med reglane er å motivere elevane til jamn innsats, slik at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. 

Fråværsregelen

  • Elevar i vidaregåande skule skal møte opp og delta aktivt i opplæringa.
  • Om ein elev har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i et fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget.
  • Eleven må legge fram relevant dokumentasjon for å få fråværet unnateke frå fråværsgrensa. (lenke til menypunkt)
  • Om eleven har 10 prosent eller meir udokumentert fråvær og fråværsgrunnen  gjer det klart urimelig at eleven ikkje skal kunne få karakter, kan rektor bestemme at han eller ho  likevel får karakter.
  • Eleven skal varslast om han eller ho står i fare for bryte fråværsgrensa, og ikkje å få karakter på grunn fråvær.

Fråværet på 10 prosent blir målt opp mot fastsett timetal i faget i kvart einskild skuleår. Rekninga startar i faget i fyrste termin. Alt udokumentert fråvær blir ført på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråværsgrensa gjeld ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne.

Alt om fråværsgrensa: Utdanningsdirektoratet Udir-3-2016

Kor mykje utgjer 10 prosent fråvær i fag?

  • Har eleven fråvær på 10 prosent eller meir i terminen, får ho eller han ikkje halvårsvurdering med karakter i faget. Eleven kan likevel få standpunktkarakter dersom det samla fråværet i faget for skuleåret er mindre enn 10 prosent.
  • Har eleven så stort fråvær i starten av skuleåret at ho/han overstig fråværsgrensa for heile året, får verken halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter.  

Ofte stilte spørsmål om fråværsgrensa

Årstimetal (60 min)

 tal 45-min. skuletimar

10% fråvær

56 (to-timarsfag)

75 skuletimar

8 skuletimar

84 (tre-timarsfag)

112 skuletimar

12 skuletimar

112 (fire-timarsfag)

149 skuletimar

15 skuletimar

140 (fem-timarsfag)

187 skuletimar

19 skuletimar

Døme på kor mykje 10% fråvær er:

  Fråværsgrense 10%

Skuletimar per veke i faget

halvårsvurdering

standpunkt

2 t/u: (t.d. kroppsøving)

4 skuletimar

8 skuletimar

3 t/u (t.d. samfunnsfag)

6 skuletimar 

12 skuletimar 

4 t/u (t.d. framandspråk)

7 skuletimar 

15 skuletimar 

5 t/u (t.d. programfag)

9 skuletimar 

19 skuletimar 

Fråværsreglane er ein del av ordensreglementet for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane.

Tips ein ven Skriv ut