Dale vidaregåande skule
Sondre Haugen i arbeid på verftet i Skagen.

Sondre Haugen i arbeid på verftet i Skagen.

Fortalde om opphaldet i Skagen

Elevane i 2 TPA var utplasserte på eit verft i Skagen i Danmark før påske, og på allmøtet 19. mai fortalde Erlend Strand om dette. Det var to vellukka veker. Sjå bilete frå Skagen og les meir om opphaldet nedanfor.


  1 / 6 
 
Bowling på fritida. 
Bowling på fritida.
 


Elevane i 2 TPA har hatt FYR-prosjekt knytt til internasjonaliseringsvekene etter at dei kom heim, og halde presentasjonar i klassen. Hovudinntrykket er at opphaldet var lærerikt og spennande, og gav elevane eit godt innblikk i korleis arbeidslivet artar seg i ein internasjonal bransje.

-Vi jobba frå klokka sju til halv fire på Karstænsens Skibsverft. Det var variert innreiingsarbeid. Vi klipte plater og sveisa mellom anna. Omvisning på verftet og intervju med Karol (ein av arbeidsformennene) var siste dagen. Kontaktlærar Ingolf Flekke hadde med Dale vgs sin minibuss til Skagen, så det var enkelt å komme seg rundt på fritida, og til og frå jobb.

-Vi var på Grenen første helga, seinare til Fredrikshavn og Ålborg. Det var kjekt. Svein Magne Myklebust var med på turen nedover, og han reiste ned att for å avlaste siste dagen og på heimreisa til påske - med Danmarksbåten til Bergen og minibussen siste etappen heim.

 

 

Tips ein ven Skriv ut