Dale vgs vinter

Foreldre-/elevsamtale 2018

Dale vidaregåande skule ynskjer velkommen til foreldre- og elevsamtalar den 14. november.

Kontaktlærarar og faglærararar er tilgjengelege på Dale vgs i tidsrommet 15.00 - 21.00 onsdag 14. november, men foreldre og føresette må ha gjort avtale med skulen på førehand. 

Frå klokka 18.00 til 18.30 vert det informasjon på auditoriet om kva programfag (fordjupingsfag) elevane kan velje 2. og 3. året på studiespesialisering. Kva er skilnaden på spesiell og generell studiekompetanse? Og kva utdanningsvegar er aktuelle vidare? Pedagogisk leiar Tor Egil Furevikstrand og karriererådgjevar Stian Neset er til stades.

Vel møtt!

Tips ein ven Skriv ut