Dale vidaregåande skule»Elev og føresett»Elevmedverknad

Elevmedverknad

Alle elevar har rett til å uttale seg om opplæringa i dei faga dei har. Målet med elevmedverknad er å sikre eit best mogeleg læringsmiljø i alle fag og alle klassar og grupper. I praksis må dette gjerast i samarbeid mellom lærarar og elevar. Etter opplæringslova har læraren plikt til å ta med elevane på råd. I tillegg har elevane medverknad i skulekvardagen gjennom ulike råd og utval. Både elevar og lærlingar har dessutan eit eige ombod som arbeider for å ivareta rettane deira. 

Tips ein ven Skriv ut