Dale vidaregåande skule»Elev og føresett»Elevtenester»Elev- og lærlingombod
Venke Nordeide foran plakat

Venke Nordeide. Foto: Inger Træen

Elev- og lærlingombodet

Treng du hjelp til å løyse ei sak? Lurer du på kva rettar og plikter du har som elev eller lærling?

Elev- og lærlingombodet jobbar for at elevar og lærlingar i den vidaregåande opplæringa ikkje lir urett, og for at dei som arbeider innanfor vidaregåande opplæring oppfyller pliktene dei har etter opplæringslova. Ombodet arbeider òg for at skular og bedrifter følgjer dei sentrale styringsdokumenta for rettar og plikter for elevar og lærlingar. Frå og med juni 2014 vart det også bestemt at ombodet skal arbeide med mobbesaker. Det er særleg viktig å arbeide aktivt for å førebyggje mobbing.

Elev- og lærlingombodet har teieplikt.

Kven kan kontakte ombodet?

Elevar, lærlingar, lærekandidatar, føresette og andre som har spørsmål eller saker dei ynskjer å ta opp.

Kva kan ombodet gjere for deg som er elev eller lærling?

  • Bidra til å styrke medverknad i opplæringa
  • Informere om rettar og plikter
  • Ivareta dine interesser
  • Gje råd og rettleiing
Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Elev- og lærlingombod

Venke Nordeide
venke.nordeide@sfj.no
995 41 913

Facebook

Postadresse:
Fylkeshuset
Askedalen 2
6863 Leikanger