Elevråd 2. Desember 2009
Oppmøte: Viljar 2STA, Andrea 2STB, Tonje 3STB, Dorthea 3STA, Bjarte 1BAA, Eline 1SEA, Kenneth 2BYA, Kim 1TPA, Gro (adm), Berit (miljøkoordinator).
Stad: rom 7
Tid: 2.12.09 kl 12.50.
Saker:
- Det er bestilt keyboard, og det er betalt med pengar frå elevkassa. Det er greitt å ha i ulike høve, og er kjekt for elevar på skulen som spelar piano.
- Det er komme ein førespurnad til skulen angåande ein ny norsk film. Dei lurte på å få komme på besøk på nyåret, og dette har elevrådet sagt ja til. På besøket vil det bli gitt informasjon om prøvespeling og filmen. Dei leitar etter jenter og gutar i alderen 13-19 frå Vestlandet.
- 11. januar kjem Mia Börjeson og skal halde foredrag for elevar. Ho jobbar med ungdom. Elevane kjem til å bli delt inn i to grupper, ei jentegruppe og ei gutegruppe. Skuledagen blir delt i to, der ei gruppe er på foredrag mens den andre gruppa har kroppsøvingsaktivitetar i hallen. Gruppene byter etter mat. På kvelden vil det vere eit ope folkemøte med foredrag, der foreldre og andre interesserte kan komme.
- Berit har fått førespurnader frå elevar om det blir tur til Bjørkelia i vinter. Ho skal prøve å få til to turar, ein i februar og ein i mars.
- Viljar har vore på møte i Førde. Der vart det snakka om ulike saker og dei presenterte skulane sine. Dale vgs er ganske lik andre skular, og Viljar fekk gode tilbakemeldingar.
- John Helle (rektor) har snakka med teknisk etat angåande volleyballbane. Edvin Bøtun skal komme og vise kor skulen få ta over område der volleyballbana skal byggast. Ein håpar at den skal bli ferdig til våren. Fyrst var det tenkt å fjerne vollen attmed røykjeplassen, men det er rektor i mot. No er det snakk om å plassere den opp mot skråninga attmed der bussane stoppar, men det skal ein sjå nærare på.
- Nytt kritt til biljardbordet skal komme, og nye kuler. Forslag om å feste kritet til biljardbordet slik at folk ikkje tek det med seg.
- Det kjem nytt bordtennisutstyr. Det blir 50 kr depositum for køllene og 5kr for ballane.
Møte slutt: 13.40
Referent: Dorthea R.Alisøy