Gullkanta læraravslutning
To gullur, blomar, lovord og framifrå mat var menyen på juleavslutninga til lærarane i år.

Fellesmiddag jula 2009

Det vart ei koseleg avslutning for lærarane i år. På grunn av alle minusgradene søkte vi ly på biblioteket, men blant bøker trvist jo som kjent lærarar godt.

Det viktigaste fyrst: Maten var god; ribber (både svin og sau), pølser, kålrabistabbe og heimelaga surkål. 

Dernest fekk Solmund og Leif gullklokke og heidersord for 25 års teneste ved skulen. Gratulerer og takk til begge to.

I tillegg fekk Connie blomar. Som kjent skal ho etter nyttår byrje i full jobb i Askvoll, og dette vart eit godt høve til å takke ho for innsatsen. 

Ein annan kollega som òg skal ha takk for innsatsen, er Mette. Kvar tysdag og torsdag leiar ho aerobic for lærarane. Dette er ei flott initiativ som vi set pris på.



Leif
25 år ved Dale vsg (1).
Solmund
25 år ved Dale vgs (2)
Mette
Dugnadssjef: Mette står på for dei tilsette.
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Dale VGS All rights reserved

Dale vidaregåande skule
Om skulenUtdanningstilbodElevportalRådgjevar på nett Skulebibliotek Open skuleIKT Søk
Kontaktinformasjon
Dale vidaregåande skule
Postboks 84
6961 Dale i Sunnfjord
Tlf: 57 73 82 00
Fax: 57 73 82 01
postmottak.dalevgs
@sfj.no