|
Dale vidaregåande skule
Vilje til visdom og venskap

Ein skule for alle: For deg som ynskjer yrkeskompetanse, studiekompetanse - også for vaksne som vil ha vurdert realkompetansen sin
|
Dale vidaregåande skule er den einaste vidaregåande skulen i HAFS-regionen og ligg i kommunesenteret Dale, ein stad med lange og rike skuletradisjonar.
Skulen er ein kombinert skule, i eit moderne skuleanlegg med gode lokalitetar og tidsmessig utstyr. Frå vinteren 2008 til sommaren 2010 skjedde ei utviding av skulearealet. Det medførte blant anna at elevane fekk større vrimleareal.
All undervisning er samla på skulesenteret, der også idrettsanlegget ligg. I dag er det om lag 200 elevar ved skulen.
Dale er ein tettstad med 1200 innbyggjarar og har eit godt og trygt sosialt miljø.
Skulen kan hjelpe til med å skaffe rimelege hyblar.
Søknadsskjema får du ved ungdomsskular, vidaregåande skular, på arbeidskontoret og på inntakskontoret for dei vidaregåande skulane.
|
|