Liv Berit Berge
liv.berit.berge@sfj.no
Hovudarbeidsfelt:
1) Yrkesrettleiing
Vidaregåande opplæring (VIGO):
Elevane får informasjon og rettleiing i høve val av programområde/ studieretning og enkeltfag. Alle får rettleiing og hjelp til søkje Vigo på internett. Vilbli gir nyttig informasjon om vidaregåande opplæring.
Høgare utdanning:
Elevar som avsluttar vidaregåande skule og skal søkje høgare utdanning, får informasjon og rettleiing om utdanning og yrkesval. Skulen samarbeider med fleire utdanningsinstitusjonar om studieorienteringsdag på skulen.
Informasjonsmateriell vert lagt ut i klasseromma til avgangsklassane. I tillegg finn ein mykje informasjonsmateriell i tidsskrifthylla i kantina.
Det meste av høgare utdanning i Noreg har felles opptak gjennom Samordnaopptak. Du finn meir informasjon om høgare utdanning i inn – og utland i Studieguiden. Ansa gir god og nyttig informasjon om utdanning i utlandet.
Rådgjeving på nett:
Skulen har tilbod om rådgjeving på nett. Kontakt rådgjevar Anne-Lise på anne-lise.nikoy@sfj.no.
Mykje nyttig informasjon kan du og finne ved å gå inn på lenkesamlinga som er utarbeidd.
2) Rettleiing for elevar med sosiale eller personlege problem
Rådgjevar samarbeider med spes.ped.koordinator Vigdis Løberg, PPT, skulehelsetenesta, sosialkontora og barneverntenesta i HAFS.
3) Tilrettelegging for elevar med spesielle behov
Spes.ped.koordinator og rådgjevar har nært samarbeid med kontaktlærarane for å følgje opp elevar som treng særskild tilrettelegging.
Rådgjevar har teieplikt !