Båtførarbevis

www.sdir.no

Båtførarprøve

Eksamen til Båtførarprøva ved Dale vidaregåande skule torsdag 7. juni 2018 kl. 15.30.

Registrering:
Du må registrere deg i Båtførerregisteret før du kan ta Båtførarprøva. Registrering med fødselsnummer og personalia må skje i god tid før eksamen.
 
 
Bruk knappen «Registrer deg». Ved registrering må du betale kr 723. Etter gjennomført registrering får du tilgang til «Min side». «Min side» er ei kombinert profil- og statusside. Du loggar deg på «Min Side» ved å taste inn fødselsnummer og kode tilsendt på SMS. Du kan kva tid som helst logge seg på «Min side» for å gjennomføre kjøp av test. 
 
Last opp bilde: Ta bilde kun av fjeset, med lys bakgrunn.
 
Send e-post til iren.loseth@sfj.no om at du har registrert deg til eksamen.
 
Eksamensdagen:
  • Ha med mobil. Du må logge deg på med fødselsnummer og passord/kode tilsendt på SMS for å få tilgang til eksamen.
  • Eksamen varer i 60 minutt.
  • Eksamen består av 50 oppgåver.
  • Hjelpemiddel som du må ha med deg sjølv:
    • Parallellforskyvar / linjal.
    • Kalkulator.
  • Testleiar delar ut kart på eksamensdagen.
 
Møt opp i god tid før eksamen, minst ein halv time før. Oppmøte i 2.etasje på «edb-rom».
 
Ta kontakt med Dale vidaregåande skule, v/ Iren Løseth 57 63 70 00, om du har spørsmål.
Tips ein ven Skriv ut